Alv Ottar Folkestad

01.09.2007


KYSTGEITA
EIN HUSDYRVARIANT OG EIT HUSDYRBRUK PÅ KANTEN AV Å BLI BORTE.

Ei oppsummering av situasjonen for tradisjonen med utegangergeit langs norskekysten


Med tillatelse fra Alv Ottar Folkestad  har vi gleden av å presentere kystgeitrapporten.

 




Saman med sauen var geita eitt av dei første husdyra folk tok i bruk langs våre kystar. Tradisjonane med beitedrift og endring av vegetasjon og landskap i kystområda som følgje av husdyrkulturen, er rekna med å gå inntil 5000 år attende i tid. Geita ser ut til å vere meir talrik i det tidlege husdyrhaldet enn sauen, men med tida endra fordelinga seg slik at sauen vart den viktigaste (A. K. Hufthammer medd.). Vi veit og at geita var med frå vårt land då folk drog i vesterveg og bygde opp busetnad på Island.

Frå gammalt var geitehald ein del av husdyrkulturen over store deler av landet. Spesielt der det var smått med dyrkajord og brattlendt og magert, vart geita det husdyret som kunne nøyte sjølv det minste strå og den magraste kvist. Derfor vart dei brattlendte fjord, dal- og fjellbygdene geitelandskapet framfor noko, og her var og er områda for mjølkegeita. Men geita fanst også på den ytste kysten og langs øyane, i alle fall frå Vest-Agder til Troms, og særleg langs vestlandskysten var det først og fremst geita som slaktedyr som var tradisjonen. Om geita gjorde sitt utkome av lite eller inkje og kunne ha lange beitesesongar innover i fjordbygdene, gav kystlandet likevel høve til at geita kunne hente det meste av maten utadørs heile året, også midt på barskaste vinteren. I desse områda utvikla tradisjonen seg med å halde meir eller mindre rein utegangargeit som slaktedyr, til produksjon av kjøt og skinn, ull og ragg. Noko varierande frå bygd til bygd, frå øy til øy og sikkert også fra gard til gard, kunne det vere variantar i måten å halde dyra på, frå dei som hadde dyra gåande ute, der dei måtte greie seg sjølve heile året, til dei som hadde geitefjøs der dyra overnatta og fekk foring i vinterhalvåret.

Det var sjeldan snakk om store buskapar på dei einskilde bruka, men nok til å halde seg sjølve med kjøt og skinn, kanskje selje litt og, særleg av skinn, men med nokre dyr på nesten kvar gard, vart det likevel nok dyr til at geita forma ut vegetasjon og landskap og var ein av dei viktigaste til å skjøtte beitemarker og heiar langs kysten. Dette mønsteret heldt seg i hundrevis og kanskje tusenvis av år fram til mellomkrigstida på 1900-talet. Med moderne jordbruk tapte geita terreng som standard husdyr rundt om på småbruka. Ho hadde hatt sin plass i dei meir ekstensive driftsformene frå gammalt av og tapte i konkurransen med dei andre etter kvart som meir intensive driftsformer tok over, særleg ved det spesialiserte husdyrhaldet. Kua vart mjølkeprodusenten og sauen gav både for ull og kjøt. Etter kvart som skogreisingsideane og plantefelta breidde seg, vart geita meir og meir rekna som eit problemdyr. Geiteflokkane vart borte år for år, og geitedrifta vart først og fremst spesialisert til mjølkegeit, særleg i fjord- og fjellbygder. Avfolking av avsidesliggande grender gjorde sitt til at tradisjonane med geitehald minka endå meir. Langs kysten var geitehaldet sterkt på retur i mellomkrigstida, og i åra etter andre verdskrigen var det brått slutt over alt. På om lag eit halvt århundre vart såleis eitt av dei vanlegaste husdyra og beitedyra borte frå store deler av det norske landskapet, og for geitehaldet langs det meste av norskekysten var det meste historie, Etter mange tiår med målretta avlsarbeid er geitehaldet i Norge i dag konsentrert i store drifter med høgtytande mjølkegeiter avgrensa til få distrikt og einskilde bygdelag. Det finst eit spreidd hobbyhald basert på avl av mjølkegeitkje til slakt, og restane etter den gamle kjøtproduserande og ikkje foredla kystgeita er avgrensa til eit lite fåtal små flokkar, dels forvilla etterkomarar, på nokre få stader på Vestlandet, stort sett i området frå like sør for til like nord for Stadt. I Selje kommune fanst og finst framleis tradisjonen med utegangargeit så vidt ubroten, og dette har og vore tilfelle i Bremanger.

Mi kontakt med denne geitetypen og driftsforma skriv seg attende frå 1970, då eg første gong var på Sandsøya i Sande kommune og fekk oppleve møte med ein liten flokk av forvilla (og svært sky) geiter som hadde overlevd der etter at geitebuskapane var nedslakta 15 år tidlegare. Frå andre kjende eg og til den meir omtala flokken av "villgeiter" på øya Skorpa i Herøy, naboøya til Sandsøya i nord. Seinare fekk eg gjennom mitt arbeid hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal frå midt på 1970-talet stifta nærare kjennskap også med denne flokken. Under feltarbeid i samband med "Prosjekt Havørn", både rundt problemstillinga ørneskade på husdyr og seinare årleg feltarbeid på hekkande havørn, fekk eg og nærare kjennskap til geiteflokkar og geitehald på Stadlandet.

På bakgrunn av eit filmopptak og omtale av geitene på Skorpa i programposten "Norge Rundt" den 3. mars 1989 vart statskonsulent Trygve Skjevdal interessert i å fange inn dyr for å sikre genressursane frå denne geitetypen, men først i 1993, på vårvinteren, vart to bukkar fanga inn og oppstalla i Hareid kommune.

Etter oppteljing av geitestammen på Sandsøya den 4. april 1993 og synfaring på øya saman med Trygve Skjevdal, Else Asplin og Asbjørn Løfaldli med etterfølgjande møte den 3. august 1993, vart det teke sikte på fangst også på denne geitestammen. Dette måtte likevel endrast, etter som geiteeigarane endra oppfatning og ikkje gav løyve. Fangsten vart derfor omdirigert til Skorpa på kort varsel. På eit møte i Ålesund 14. april 1994 vart det konkludert med målsetjing om bedøvelsesfangst av fire geiter frå Skorpa. Det var for seint med fangst av nyfødde kje 1994. Vidare var det behov for nærare opplysningar om villgeitbestanden ved Fure i Selje, evt. for fangst av dyr derifrå. Det skulle likevel gå ytterlegare eitt år (september 1995) før det lukkast å fange to geiter på Skorpa.

På initiativ frå Norsk Landbruksmuseum og Genressursutvalget vart det i 1993 og 1995 såleis innfanga to bukkar og to geiter på Skorpa. Etter fleire års oppstalling og lite vellukka avl, vart det til slutt tappa sæd av to ungbukkar. Prosjektet sovna bort, og i dag finst det ikkje att noko frå desse dyra med unnatak av den sæden som vart tappa.

Meir aktivitet har det vore rundt restane av det tradisjonelle geitehaldet i Selje kommune, der det fanst kystgeitbuskapar i aktiv drift, og der det i tillegg også har vore forvilla buskapar, men og flokkar av mjølkegeitavstamming. Med initiativ frå landbrukskontoret, særleg Knut Aaland og i samarbeid med Selje Hotell, Norsk Landbruksmuseum og Norsk Villsaulag, vart det i juni i 2000 skipa eit kystgeitlag i Selje etter same mønster som villsaulaga. Kystgeitlaget har i åra etterpå vore eit lokalt forum for samarbeid og bevisstgjering mellom dei som framleis driv med geit etter gammal tradisjon, og for å ta vare på gammal kunnskap og tradisjon med tanke på å kunne styrke bruk av kystgeita som eit element for utvida næringsgrunnlag, for vedlikehald av kystkulturlandskapet, og for oppleving og kunnskap i undervisning og reiseliv.




Kva er så status:


Eg kjenner best til dei to geiteflokkane på Sunnmøre:

Sandsøya:

Etter det lokalfolk og tidlegare geiteeigarar fortel, er geitene på Sandsøya etterkomarar etter forvilla geiter frå utegangarbuskapane som vart haldne på øya fram til ca. 1955. Fram til då hadde det vore eit titals brukarar som hadde geiter i samsvar med gammal utegangardrift, og nokre dyr frå desse hadde vorte så sky at dei var uråd å nå tak i då dei siste jaga vart gjorde for å slakte ned buskapane. Det er vel ikkje heilt sikker kva buskapar dei forvilla geitene kom frå, men det synest å vere nokolunde semje om at dei stamma frå fire ulike flokkar. Etter det som er opplyst frå lokalbefolkninga, skal det ikkje vere tilført nye geiter utanfrå etter at dyra vart forvilla, og det er og sagt at det ikkje vart henta dyr utanfrå i nyare tid innan den tid nolevande kan hugse, altså 70-80 år. Dyra har altså vore overlatne til seg sjølve i om lag 50 år. Flokken var på i overkant av 20 dyr då eg første gong var på øya i 1970, men etter ein hard snøvinter sist på 1970-talet var det neppe att meir enn 12-14 dyr. Etter den tid har bestanden bygd seg opp att, svært sakte dei første åra, og medan det dei første åra også var einsfarga dyr og med fargespekter i både svart, blått og brunt, var det att berre kvite dyr med blå flekkar, dei aller fleste av sala type. Dei siste åra er det og kome til dyr med farga bakpart. Etter kvart som flokken har auka, har dyra oppretta ein sosial struktur med oppdeling i hovudgrupper med ein geiteflokk og ein bukkeflokk, men periodevis med mindre grupperingar. Samstundes har dyra teke i bruk langt større område på øya. Det gjer det vanskeleg å få totalteljing på geitebestanden, men etter dei siste opplysningane er det truleg at det totalt må vere noko rundt 35-40 dyr på øya.

Sandsøya har busetnad og ein del aktive gardsbruk og småbruk, både med ku og sau. Det gjer at det i nyare tid har vore ein del klage over beiteskadeproblem med villgeitene. Etter kvart som geiteflokken har auka, har det såleis og vorte registerert aukande konflikter.


Skorpa:

Geitene her er direkte etterkomarar etter dei opprinnelege utegangargeitene på øya. Drifta var rein utegang, d.v.s. at geitene beita ute heile året, men folk prøvde å passe på når geitene kjea, slik at dei kunne ta geita med kje i hus og halde kjeet inne den første tida for å verne det mot kongeørna, medan geita fekk gå ute på dagtid. Likevel hende det at geita drog til fjells og ikkje kom attende til kjeet. På hausten vart det arrangert manngard med jag på geitene for utvelging av slaktedyr og merking av eventuelt umerka dyr. I samband med fråflytting i perioden 1955-1970 vart grunneigarane samde om at dei geitene som var att, skulle få gå, og bortsett frå eitt bruk som slakta ned alle sine dyr, stammar villgeitene på Skorpa frå utegangarbuskapane på bruka der ute. Dyra har altså også her styrt seg sjølve frå ca. 1955-60. Spesiell merksemd fekk geiteflokken på Skorpa rundt 1970 då ein nevø av Franco i Spania var til Skorpa og skaut ein stor bukk som trofé. Det vart då presentert som at dette var den mest opprinnelege geitestamma som framleis fanst i heile Europa.

Rundt 1940 vart det kjøpt ein brun bukk frå Selje, og etter denne tid kom også brune variantar inn i geiteflokken på Skorpa. Før dette hadde det berre vore svarte, blå, kvite og botete dyr. Storleiken på villgeitstamma var i perioden fram til ca. 1995 på mellom 30 og 50 dyr. På 1970-talet meinte grunneigarane at bestanden var i tilbakegang, muligens som følgje av tjuvskyting, men det var og frykt for innavl. Det vart derfor utsett ca. 15 mjølkegeitkje. Rundt halvparten var gjelda bukkekje som seinare vart innfanga og slakta, medan resten var geitekje som gjekk inn i villgeitflokken då dei kom i brunst.

Seinare har bestanden auka og vart seinsommaren 1999 opptalt til i alt 60 dyr, av desse 24 bukkar, 22 geiter og 14 årskje. I 2003 vart det rapportert minst 80 dyr, og i 2005 var det 16 årskje som vaks opp, medan teljingane sommaren 2006 konkluderte med minst 82 dyr, av dei 39 vaksne geiter, 37 vaksne bukkar og 6 årskje. Ny teljing seinsommaren 2007 gav eit totaltal på 104 dyr, fordelt på 36 vaksne bukkar, 55 vaksne geiter, 6 store årskje og 7 små årskje. Det har såleis vore ein markert auke dei siste 10 åra, muligens som eit resultat av at det vart slutta å halde sauer på sommarbeite på Skorpa. Parallelt med dette har dyra blitt gradvis mindre sky og let seg enkelt telje og studere på nært hald somrane 2006 og 2007.

Skorpa er i dag fråflytta, men med unnatak av det vestlegaste tunet, eigd av Staten, vert dei andre tuna godt vedlikehaldne og vert mykje nytta for ferie og fritid. Det kan vere visse ulemper med beiteskade av geitene på hagar og vekster rundt husa, men stort sett er grunneigarane svært positive til geitene på øya og ser på dei som ein del av øya sitt særpreg. Tidlegare beita det og sauer på øya, men dei siste åra har eigarane nekta dette, først og fremst på grunn av tilgrisingsproblem rundt husa, og geitene har såleis heile øya stort sett for seg sjølve (litt hjort).

Fure på Stadt:

Her var det opprinneleg halde utegangargeit både på Ytre og Indre Fure. Ytre Fure har vore fråflytt, og geitene derifrå har vore forvilla over lang tid. På Indre Fure var det i lang tid tre flokkar, men etter kvart var det berre ein eigar att, Signe Fure Hoddevik. Ho dreiv til 1981, då ho hadde heim dei siste kjea. Også ho dreiv etter gammal utegangartradisjon og utan tilførsel av dyr utanfrå. Frå 1981 vart dyra overlatne til seg sjølve. Det var då 45 kjegeiter i flokken, men uvisst kor mange bukkar. Desse geitene slo seg saman med villgeitene frå Ytre Fure, og frå tid til anna har det vore skote storbukkar av denne flokken. Midt på 1990-talet skal det framleis ha vore att ein del dyr, antydningsvis 30-50, men gjennom ein kombinasjon av jaktiver og idear om at dyra leid vondt, har det vorte skote ut meir dyr enn det blir produsert, og dei siste åra er det meldt at det er svært få att av denne villgeitflokken. Ein bukk frå denne flokken kom i 2006 inn i ein tamgeitflokk i Ervika.

Skårbø på Stadt:

Her har det vore ubroten utegangardrift av geit, med langt den største og mest sentrale flokken i arbeidet med å bygge opp att både bestand og tradisjon med kystgeit i dette området. Også denne flokken syntest på veg til å forsvinne då den tidlegare eigaren var på veg til å avvikle drifta, men familien har teke over og fører no tradisjonen vidare.

Stadlandet elles, andre utegangargeiter:

Utanom dette er det fleire geiteflokkar rundt på Stadlandet. Stort sett har dei utgangspunkt i tidlegare kystgeitdrifter, men nokre har hatt innslag av mjølkegeit eller er bygt på mjølkegeitkje drivne som beitedyr. I samband med arbeidet med å bygge opp att ein tradisjon med utegangargeit på Stadt, meiner Helge Borgund, leiar av kystgeitlaget, at talet på geiter må vere bortimot dobla frå 2000 til 2006.

Tradisjon med utegangargeit har og vore halden ved like i Vingen, Bremanger kommune heilt til det siste, men drifta er no nedlagt og dyra dels slakta, dels selde. Like eins finst det forvilla flokkar av geit nokre få stader elles på Vestlandet, både i Sogn og i Hordaland. Dette skal vere etterkomarar etter mjølkegeitdrifter og kan såleis ha eit litt anna utgangspunkt enn dei typiske kystgeitbuskapane på ytterkysten av Nordfjord og på Søre Sunnmøre.

Går vi nokre år attende, var det langt fleire forvilla flokkar av geiter langs norskekysten i alle fall så langt nord som til Søla i Vega kommune. Då eg var der første gong i 1976, vart det synt til at det fanst ein slik villgeitflokk på denne vesle fjelløya, men allereie året etter vart det sagt at flokken var nedskoten. Tilsvarande har situasjonen vore for ei rekkje andre geiteflokkar også på Vestlandet, der slike flokkar har vorte nedskotne og utrydda så seint som rundt 1990 eller seinare. Dels har dette vore motivert ut frå beiteskade, særleg på skog. Dels har det vore grunngjeve med at det er dyreplageri å la desse dyra gå fritt, bl.a. med grunngjeving i at store bukkar har plage av å gå og bere på dei store horna sine. Det er såleis heva over tvil at det har vore svært lite forståing for den verdi som ligg i den geitetypen som tidlegare fanst og var tilpassa tilhøva på kysten. Dette er ein mangel på forståing som har gått langt inn i fagmiljøa, både på husdyrsida og på veterinærsida, bl.a. har det vore hevda at det ikkje kan vere genetisk skilnad på kystgeit og mjølkegeit, og at det berre er å la mjølkegeiter verte overlatne til seg sjølv nokre år, så vil dei utvikle akkurat dei same trekka som den typiske kystgeita, med grovt ragg, tett botnull og fint putejur med små spenar.

Kva er så status for restane av den norske kystgeita, og kva kunnskap finst om desse dyra og måten å drive på?

Litt finst det skrive i gamle kjelder. Om geitehald på Sunnmøre på 1700-talet finn vi såleis i

Hans Strøm, "Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør beliggende i Bergens Stift i Norge, Sorøe 1762"

Første Part. Side 150

Bukke og Geder. Om disse nyttige Kreature er ligeledes meldet i det efterfølgende syvende Kapitel, angående Qvegavlingen, og tillige viist, at der af dem holdes en stor Mængde hos os, og at man af Gede-Mælk tillaver Smør og anden Mad, som med god Fordeel bruges i den daglige Huusholdning. Paa Øerne pleier man at lade gildede Bukke gaae ude på Fieldene det hele Aar igiennem, uden at tage dem ind i Huus; hvorover de undertiden blive saa vilde, at de maa skydes som andet Vildt. Med Bukke-Skind drives her en temmelig vigtig Handel, og af dem vide Bønderne selv at berede Gems-Læder til eget Brug.

Syvende Kapitel om Søndmørs Qvæg-Avling. Side378-380

II. Næst Koer ere Faar og Geder Landmandens bedste og nyttigste Kreaturer, hvilke her indbefattes under det almindelige Navn Smale, skiønt samme Navn gemeenlig tillægges Faarene alene. Paa mange Stæder holde et lige stort Antal af begge Slags; men paa flere Stæder haves langt større Forraad af Geder and af Faar, og det af følgende Aarsager. 1) Ere Faarene bekosteligere at føde og maa den meste Tid af Aaret holdes inde, naar Gederne derimod næsten det hele Aar igiennem tage sin Føde paa vild Mark. 2) Lider man og oftere Skade paa Faarene, deels ved det de om Foraaret ere flere Sygdomme underkastede, deels og fordi de om Høsten, efterat Haaet eller den bedste deel deraf er opædt, pleie at søke op til Fields, hvor de let kan ødelægges af skadelige Dyr. 3) Kan Faarene ei følge med Gederne og altsaa heller ikke bevogtes under eet med dem, saasom disse efter sin Natur klavre op paa de høieste og bratteste Stæder, hvor Faarene ei kan komme. 4) Vil man ikke gierne have Faarene gaaende i Sæter-Dalene eller Græsgangene til Fields, efterdi de altid gaae for ved Koerne og opæder den bedste Deel af Græsset og Blomstrene, som give den meste og bedste Mælk.

Disse Aarsager have egentlig Stæd i Fiordene, skiønt Faare-Avlingen er der i bedre Stand end paa Øerne, hvor man i sær klager over Faarenes Vandtrivelse af det skadelige Vand-Græs, som voxer i Sumpene, item af den raae og fugtige Luft og de skarpe Foraars-Vinde, som der have Overhaand; saa at man paa de allerfleste Stæder ved Hav-Kanten neppe finder 8 eller 10 Faar, hvor dog gierne kunde holdes 20 til 30 Stykker, om bemeldte Vandtrivelse derudi ikke giorde Hinder.

Hvor Geder holdes i nogen Mængde, saasom allevegne i Fiordene, der malkes de tillige med Faarene; men paa andre Stæder veed man lidt af Faare- og Gede-Mælk at sige, efterdi de fleste holde saa ringe et Antal af Faar og Geder, at det ei ansees Umagen værdt at malke dem. I Fiordene kan altsaa Faare-Mangelen tilstrækkelig erstattes ved den Nytte, man giør sig af Gede-Mælken, efterdi deraf ei alene hver Dag laves en tyk og meget kraftig Suppe, saa at et maadeligt Fad fuldt kan mætte et halvt Snees Personer; men endog jævnlig beredes en Hoben Smør, som forbruges i Huusholdningen med den Fordeel, at Smøret af Koe-Mælken kan spares og Sælges. Derfor, saa sund Gede-Mælken i Alminnelighed holdes for at være, og saa overflødig den falder (efterdi en god Geed giver lige saa megen Mælk som en slet Koe) saa nyttig er den og i Huusholdningen, og lader sig desuden meget vel spise, naar den (som her næsten overalt skeer) blandes med Faare-Mælk, hvorved den taber meget af sin skarpe Smag. Ved at holde mange Geder haves end videre denne Fordeel, at man aarlig kan tillægge sig en Mængde Bukke, hvilke enten sælges levende om Efterhøsten, eller og først slagtes og siden en detail udbringes; da man paa begge Maader, men i sær paa den sidste, kan vinde noget anseeligt. Ved Hav-Kanten eller paa Øerne holdes derimod ingen Geder, men vel en Deel saa kaldte Gield-Bukke : gildede Bukke, som gaae ude paa Fieldene det hele Aar igiennem, uden at komme i Huus, og altså tage sin Føde paa vild Mark; men blive desuagtet gemeenlig saa store og fede, at 3 Stykker af dem gierne kan veie op imod en maadelig Koe, ligesom de og kan afsættes om Høsten med stor Fordeel, nemlig Stykker for 10 à 12 Mark Dansk. Skade er det, at de ei altid ville trives og altsaa ikke kan holdes i nogen sønderlig Mængde; item at Skindet paa dem er ei saa godt og nyttigt, som paa de ugildede eller egentlig saa kaldte Gra-Bukke.

Man seer af alt dette, at Søndmør har større Forraad at Geder og Bukke, end af Faar. Enhver, som betragte Landets Ujævnhed og Biergagtighed, maa vel og tilstaae, at deri er et Slags Nødvendighed; men det er dog lige saa vist, at Faare-Avlingen kunde være større og bedre, om alle vore Landmænd havde den fornødne Kundskab og i sær anvendte den tilbørlige Flid derpaa. En Følge af saadan Forsømmelse er denne, at man paa visse Stæder hos os (nemlig overalt i Harams, Borgunds, Jørgenfiords, Herrøe og Hareid Præstegield) ei kan forsyne sig selv med fornødne Klæder, men maa aarlig kiøbe deels Vadmel paa Romsdals Marked, deels grovt Klæde fra Bergen; skiønt man derimod paa de øvrige Stæder, nemlig i Ørskougs, Nordalens, Voldens og Vandælvens Præstegield, har Uld, Vadmel og Strømper ei alene til egen Fornødenhed, men og til at overlade sine Naboer. Overalt kan den Mangel paa Uld nogenledes erstattes ved de mange uberedte Bukke-Skind, med hvilke herfra drives en temmelig vigtig Handel med Bergen.

Mine opplysningar om geitedrifta på Sunnmørskysten er bygd på opplysningar frå dei siste som var med i slik aktiv driftsform på Skorpa og på Sandsøya, særleg Gerhard Skorpen på Skorpa og Olav H. Våge på Sandsøya, men og opplysningar frå Hallvard Skorpen og Lars Skorpen på Skorpa, og frå Ola Follestad på Sandsøya.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Rolf-Arne Nilsen | Svar 29.12.2010 21.48

Dette var virkelig intresant lesning,meget bra.Få meir av lignende opplysninger.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.12 | 22:29

Jeg ønsker og kjøpe 10 stk Kystgeiter, evt bestille 10 stk geiter til høsten.

...
01.10 | 11:32

Hei, de er på Runde og er fremdeles tilgjengelig.

...
01.10 | 11:12

Hei
Hvor bor du og er disse fremdeles tilgjengelige.

...
29.09 | 12:29

Jeg har fire frisk ho gieter 2år gamle. på grunn av endring i omstendigheter må jeg nå kvitte seg. Dyr er på Runde M&R, fint om en kan ta dem ( gratis )

...
Du liker denne siden